Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra oktober, 2019

Samisk-inspirert dagstursekk - RESULTAT

FOR EIT RESULTAT! Eg er fornøyd. Sekken vart ikkje slik eg først teikna han - som ein samisk-inspirert Fjällräven Kånken-kopi, men han vart likevel til slutt slik eg til slutt ønska han. Det eksisterer berre ein av denne sekken, og det vil aldri eksistere meir enn berre ein av han. Min sekk er unik, og eg er fornøyd! Sekken har to festepunkter med stramming for fiskestang, vandrestavar eller liknande av lærreim og reingevir. Om ein har karabinkrokar eller kompresjonsstroppar, har han elles gode festemoglegheiter langs bomullsbandet på heile framsida. Han har polstra bærereimar og handtak av ekte reinskinn. Den store opninga gjer at ein får god oversikt over innhaldet i sekken. Innvendig har sekken ei stor lomme med sitteunderlag og plass til ein bærbar PC, samt ei mindre lomme for telefon, kamera eller anna. Sekken har rullelukking med spenne av reingevir, som er inspirert av lukkesystemet på pakkposar til turbruk. Sitteunderlaget er meint for

Animasjonsfilm

Det siste vi gjorde medan vi var samla i Alta, var å lage animasjonsfilm. Dette brukte vi omtrent ein arbeidsdag på. Vi henta vår inspirasjon til vår animasjonsfilm frå nokre videoar om fargeblinde menneske som fekk sjå fargar for første gang gjennom fargebriller ( sjå video her ). Vi brukte ganske lang tid på å lage figurane og bakgrunnen til filmen vår. Vi lagde mellom anna fire lause munnar, samt lause auge med lause pupillar og augebryn, til kvar av karakterane våre. Dette for at vi skulle kunne skape forskjellege ansiktsuttrykk, og få snakkinga til å sjå mest mogleg realistisk ut. Med så mange, veldig små delar, var dette såpass mykje pinsettarbeid mellom kvart bilde at vi raskt fann ut at vi måtte gi opp nokre av delane for å bli ferdig på den korte tida vi hadde til disposisjon. Filmen vår, som er på under eit halvanna minutt, er samansett av totalt over 400 bilder! Vi måtte også vere kreative for å finne eit stabilt stativ til kameraet (iPad), på ein plass med minst

Mal meg bort

I forrige veke var vi samla i Alta igjen. Overordna tema for samlinga var maling og animasjon (kjem som eiget innlegg). Vi hadde fargelære og gjorde fargeøvingar, vi lærte om ulike malemedie og fekk ein rask gjennomgang av kunsthistoriske periodar. ITTEN SIN FARGESIRKEL Ei øving innan fargelære var å blande fargane (sekundær- og tertiærfargane) i Itten sin fargesirkel ut av primærfargene (raud, gul og blå). Vi brukte temperamaling, men hadde ikkje heilt reine fargar. Derfor ser den oransje meir raud ut enn den raude, og den raude ser meir rosa ut enn raud. Likevel var det ei god øving i fargeblanding, og ei god førebuing på neste øving - mal meg bort . MAL MEG BORT  Læraren vår hadde klipt ut mange småbitar av eit større bilde. Vi fikk utdelt ein slik bit/utsnitt kvar. Vi skulle lime den biten på eit maleark, og målet var å blande fargar og male rundt lappen for å skape eit heilskapeleg maleri. Vi skulle rett og slett male bort lappen, uten å male over han. Dette

Samisk-inspirert dagstursekk

I det siste har eg brukt mange av kveldane mine ved ei symaskin som kona mi har arva frå si bestemor. Ikkje berre er symaskina eldre enn meg sjølv, men faktisk er den så gammal at den har vore veteran i snart 20 år, om symaskinar følgjer same systemet som bilar gjer. Eg har arbeidd med eit arbeidskrav der vi skulle lage eit produkt innan dipma duodji (mjukt samisk handverk), med inspirasjon fra samisk kultur. Fleire i klassen valte å sy luhkka, som er ein slags samisk poncho, medan eg valte å sy ein dagstursekk. TEIKNINGAR Eg tenkte aller først at eg ville lage ein sekk inspirert av Fjällräven Kånken, men med skinndetaljar og rein i staden for rev. Men sekken endra seg fleire gangar i prosessen, og eit mønster fra Stoff og Stil vart også brukt som inspirasjon for sluttproduktet. Til forskjell frå teikninga over, har ikkje den endelege sekken dekoret på lokket, men heller omtrent midt på sjølve sekken i front. Den har òg eit noko anna lukkesystem, inspirert av