Gå til hovedinnhold

Samisk-inspirert dagstursekk

I det siste har eg brukt mange av kveldane mine ved ei symaskin som kona mi har arva frå si bestemor. Ikkje berre er symaskina eldre enn meg sjølv, men faktisk er den så gammal at den har vore veteran i snart 20 år, om symaskinar følgjer same systemet som bilar gjer.

Eg har arbeidd med eit arbeidskrav der vi skulle lage eit produkt innan dipma duodji (mjukt samisk handverk), med inspirasjon fra samisk kultur. Fleire i klassen valte å sy luhkka, som er ein slags samisk poncho, medan eg valte å sy ein dagstursekk.


TEIKNINGAR
Eg tenkte aller først at eg ville lage ein sekk inspirert av Fjällräven Kånken, men med skinndetaljar og rein i staden for rev. Men sekken endra seg fleire gangar i prosessen, og eit mønster fra Stoff og Stil vart også brukt som inspirasjon for sluttproduktet.




Til forskjell frå teikninga over, har ikkje den endelege sekken dekoret på lokket, men heller omtrent midt på sjølve sekken i front. Den har òg eit noko anna lukkesystem, inspirert av lukkinga pakkposar for turbruk ofte har (trykk her for eksempel). I staden for klips, har mitt lukkesystem knapp av reingevir som blir festa i ei løkke av lærreim. Festepunkta på sida av sekken har òg blitt flytta i front av sekken, og heller tredd gjennom festepunkta i bomullsreima. Dette vart gjort på grunn av at eg ikkje fant maljer (til å tre lærreimane gjennom) som var kraftige nok, og samtidig små, til bomullstoffet på sekken.




TRYKK
I eit tidlegare arbeid (sjå Trykk på stoffnett) lagde eg fleire trykk av mosegummi, inspirert av samisk mytologi. Denne reinen er eit av dei trykka eg da brukte, og som eg brukte på nytt på sekken. Trykt på reinskinn med svart skinnmaling.



Skinnlappen med trykket skulle syast fast på ein litt større lapp i same stoff som resten av sekken (bomull), med voksa lintråd. For å få eit best mogleg resultat på stinga, brukte eg lærspore og syl for å få tilnærma perfekte sting heile vegen rundt lappen.



Til slutt sydde eg på dette midt på framsida av sekken, som hoveddekor. Eg sydde ein kastesaum rundt heile lappen for å beskytte sårkanten, noko eg for så vidt gjorde rundt kanten på alt stoffet på sekken. Lappen vart så festa til sekken med både dobbelstikning og kastesaum.


REIMAR OG HANDTAK
Bærereimane og handtaket til sekken er sydd av brunt veskeband av bomull, med polstring av style-vil og reinskinn. Reimane og handtaket var det aller første eg laga. I ettertid ser eg at eg gjerne skulle brukt lærspore og syl også her for å få eit betre resultat på stinga, men dette vart gjort før eg vart tipsa om lærspore.








Nedre del av bærereimane går under sekken og opp igjen på framsida. På framsida er dei lagt dobbelt, men med berre fem enkeltstikningar på tvers av bandet. Dette for å få festepunkt til karabinkrokar og diverse turutstyr.



I legderetninga festa eg reimane med enkeltstikning langs begge kantane, mens i endane vart dei vesentleg forsterka med stikning både i kryss og på tvers.


KNAPPAR
For å få fram enda meir av det samiske på sekken, valte eg å lage knappar av reingevir. Eg saga av endane på eit gevir funnet på tur, bora to hol i kvar og pussa kappsida med slipestift.






MONTERING AV SEKKEN
Når alle delar var påmontert gjensto omtrent berre å sy saman sekken. Som ein kan sjå på teikninga under, består sjølve sekken av berre ein del.



Montering av ei lita lomme på PC-/sitteunderlaglomma.


Lommene vart sydd på med dobbelstikning. Sårkantane blei, som allereie sagt, sydd med kastesaum først.



Laupegang for lærreim til lukkemekanisme.



Laupegangen er lukka med dobbelstikning.


For å få flat botn i sekken, sydde eg inn hjørna og klipte av. Her fikk eg god hjelp av Pytagoras' setning for å få det heilt riktig.



Eg valte til slutt å sy inn to tilklipte lag av liggeunderlag, som botn i sekken. Dette gjorde eg for å stive opp sekken, slik at det mellom anna skulle bli enklare å halde orden på saker og ting i sekken.



Du må nok dessverre vente på neste innlegg for å sjå resultatet!


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Trykk på stoffnett

Den andre øvinga på studiet var trykk, og vi fikk da utdelt kvart vårt stoffnett til å sette våre eigne trykk på. Vi skulle lage trykk inspirert av samisk mytologi, og eg valte å trykke samiske symbol for ulv, bjørn, fisk og rein. Etter å ha teikna symbola på papir skrapa eg dei over på mosegummi, for å deretter klippe dei ut. På bitar av plexiglass limte eg på korker på eine sida, og symbola på den andre. Dette vart brukt som stempler. Eg trykte deretter stempla i farge og fordelte dei forskjellege symbola utover stoffnettet. Eg valte å teikne rundt kantane på symbola med svart stofftusj for at det skulle bli meir framståande. I undervisningssamanheng kan dette arbeidet bli gjort på dei fleste trinn. På dei laveste trinna kan elevane få utdelt ferdige tøyposar, og kanskje òg ferdige trykkstempel. Medan jo lengre opp i trinna ein går kan ein dele opp arbeidet i fleire deloppgåver, som for eksempel å sy posen, teikne eigne trykk, lage stem

Keramikk - å fortelje med leire

På studiesamling i Alta i januar fekk vi prøve ut forskjellig med leire. Eg laga ei plate, forma som eit todimensjonalt hus, som kunne blitt eit dørskilt, og brukte kjevle og kniv. Eg laga ein kopp med pølseteknikk, kor ei først rulla lange pølser som eg etterpå la i ein kveil, før eg brukte vatn, kniv og fingrene til å dra leira saman mellom "pølsene" i kveila. Eg brukte ei ferdig form og prøvde å lage skål, men den vart deformert da eg skulle løysne den, og eg endra like greit forma heilt, og forma den til eit hjarte. Eg prøvde også teknikken med dreiebenk, for å lage ei skål eller ein kopp, men eg lukkast ikkje med det. Enten brukte eg for mykje vatn, slik at emnet sklei av, eller så brukte eg for lite vatn og friksjonan vart så stor at emnet var øydelagt. Etter eit døgn tørking, medan leira enda var noko fuktig, farga vi utprøvingane med begitning - flytande leire med tilsett farge. Arbeidskrav - Å fortelje med leire Arbeidskravet innan kjeramikk var

Krympeboks - pennekopp

Oppgåva var spikking med dekor, og eg hadde sidan byrjinga av dette studiet sett fram til lage meg ein egen turkopp i tre. Men da dette emnet kom midt i korona-tida, med heimekontor og gjesterommet som treverkstad, og samtidig tett opp under innspurten til bachelorinnlevering, fann eg det mest fornuftig å gjere det enklare for meg sjølv. Etter tips frå lærar, valte eg å lage ein krympeboks. Da dei som bur i Finnmark har rett til å ta ut trevirke til husflid på Finnmarkseiendommen sin grunn, starta eg prosessen med ein skitur. Og da nærområdet hovudsakleg består av bjørk, som jo er eit hardt og sterkt treslag - og dermed godt eigna for oppgåva, hogg eg ei passeleg stor bjørk, med tjukk nok stamme til ein pennekopp, men også lita nok til at eg ikkje gjorde eit stort inngrep i den allerede så tynne bjørkeskogen. Da eg kom heim saga eg ein kubbe i ønska lengde (høgde på pennekoppen), omtrent 12 cm, bora eit hòl tvers gjennom, bredt nok til kniven, og byrja deretter og spikke.