Gå til hovedinnhold

Keramikk - å fortelje med leire

På studiesamling i Alta i januar fekk vi prøve ut forskjellig med leire. Eg laga ei plate, forma som eit todimensjonalt hus, som kunne blitt eit dørskilt, og brukte kjevle og kniv. Eg laga ein kopp med pølseteknikk, kor ei først rulla lange pølser som eg etterpå la i ein kveil, før eg brukte vatn, kniv og fingrene til å dra leira saman mellom "pølsene" i kveila. Eg brukte ei ferdig form og prøvde å lage skål, men den vart deformert da eg skulle løysne den, og eg endra like greit forma heilt, og forma den til eit hjarte. Eg prøvde også teknikken med dreiebenk, for å lage ei skål eller ein kopp, men eg lukkast ikkje med det. Enten brukte eg for mykje vatn, slik at emnet sklei av, eller så brukte eg for lite vatn og friksjonan vart så stor at emnet var øydelagt. Etter eit døgn tørking, medan leira enda var noko fuktig, farga vi utprøvingane med begitning - flytande leire med tilsett farge.





Arbeidskrav - Å fortelje med leire

Arbeidskravet innan kjeramikk var at vi skulle fortelje med leire, gjennom tekstur og form som forteljande element. Vi skulle fortelje om ein person, ein situasjon eller ei kjensle ved hjelp av ei form som kan verte brukt til noko etterpå.

Eg var nybakt forelder, og hadde berre vore far to-tre veker da vi fekk presentert denne oppgåva på samling i Alta. I mangel av eigne idear, fikk eg derfor tips av ein medstudent om å lage ei sengeuro til min nyfødte son. Ei sengeuro kan vere både ei undehaldande og beroligande leike ved sengetid, og kva passar vel betre på ei sengeuro enn teksten på ein barnesong?

Eg byrja derfor å leite gjennom tekstar på barnesongar eg sjølv kjente og hadde eit godt forhold til. Eg endte til slutt opp med å ville brukke denne:

Blinke blinke stjerne klar
for eit vakkert lys du har
Varslar om ein dag så god
No går alle barn til ro

Blinke blinke stjerne klar
for eit vakkert lys du har

Det vart da også automatisk bestemt at kjeramikken skulle stå av stjerner med deler av teksta frå vuggesangen på, og eg byrja å leite etter inspirasjon på Pinterest.

Bilde henta frå https://no.pinterest.com/pin/386817055496404587/?nic_v1=1aC9za%2F4qCjc006kyAOCVVk6fjMUTV4jTD6DsGp1Btu41kI9C9Bczlp%2F7ZEl6Gp0rZ
Eg likte godt stjerneuroen på bildet over, og ønska å lage noko tilsvarande, men med større stjerner.

For at det ikkje skulle bli så smått, valte eg å berre bruke første strofa i songen, med eitt ord i kvar stjerne - BLINKE BLINKE STJERNE KLAR.



Parallelt med spikkeoppgåva lagde eg også oppheng til denne oppgåva, av det same treet.


Eg gløymde dessverre å ta bilde under arbeidet med leira, og på grunn av corona-situasjonen måtte eg sende leira mi med bod frå Kirkenes til Alta, for brenning. Da dei siste samlingane også vart avslyst, av same grunn, fekk eg heller ikkje montert ferdig uroen sjølv, men må stole på at læraren fullfører for meg før utstilling for sensor. Eg har, da eg publiserer dette innlegget, ikkje sjølv enda sett det endelege resultatet, og har naturlegvis dermed ikkje bilde av det endelege resultatet heller. Eg har derfor montert det opp med papirstjerner i staden for, for å vise korleis det skal bli. 


Da denne keramikkoppgåva var ei heimeoppgåve, fann eg det best å også gjere det så enkelt som mogleg for meg sjølv, med tanke på at kjøkenbordet ville bli verkstaden og at eg ikkje hadde tilgang til utstyr som eg ville hatt dersom det hadde verte gjort på skolen i Alta. Eg håper derfor at eg vil, til trass for enkle element i leire, score poeng på ideen og det totale produktet med oppheng.

Arbeid med leire på småtrinna


Gjennom arbeid med leire får elevane sanseerfaringar, dei får bruke hendene - klemme, skjære, klappe, rulle osv. Og i likskap med spikking, får elevane gjennom arbeid med leire ta del i prosessar som vil kunne utvikle deira estetiske sans og motoriske ferdigheiter, kjensle for handverket og kreativitet. Skaparglede er ein sentral verdi i kunst og handverk, jf. den kommande læreplana, og er ein verdi som kan kome til uttrykk gjennom arbeid med leire.

På same måte som eg skreiv om spikking i skolen, tenker eg at det vil vere motivasjon for elevane dersom arbeidet med leira kan resultere i ein bruksgjenstand, eller noko som kan verte brukt i ei framvisning av noko slag. Kanskje kan elevane lage dørskilt, kor dei skjærer inn namna på familiemedlemmane, eller for eksempel skåler ved bruk av pølseteknikk, som dei kan ha lørdagsgodtet sitt i. Moglegheitene er mange, men skolen bør først og fremst ha eit eigna rom og utstyr for å halde på med leira, plass til å tørke den, og kanskje ein keramikkomn. Det er jo ikkje eit krav med keramikkomn for å arbeide med leira, men eg trur ein får lite motiverte elevar dersom dei ikkje får lage noko som har moglegheit til å verte eit ferdig produkt. Det finst for øvrig også leire som kan verte brent over bål, og det finst leire som binder seg saman gjennom ein tørkeprosess. Elles kan ein og nytte seg av andre alternativ, som for eksempel trolldeig, dersom ein ikkje har tilgang på keramikkomn.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Trykk på stoffnett

Den andre øvinga på studiet var trykk, og vi fikk da utdelt kvart vårt stoffnett til å sette våre eigne trykk på. Vi skulle lage trykk inspirert av samisk mytologi, og eg valte å trykke samiske symbol for ulv, bjørn, fisk og rein. Etter å ha teikna symbola på papir skrapa eg dei over på mosegummi, for å deretter klippe dei ut. På bitar av plexiglass limte eg på korker på eine sida, og symbola på den andre. Dette vart brukt som stempler. Eg trykte deretter stempla i farge og fordelte dei forskjellege symbola utover stoffnettet. Eg valte å teikne rundt kantane på symbola med svart stofftusj for at det skulle bli meir framståande. I undervisningssamanheng kan dette arbeidet bli gjort på dei fleste trinn. På dei laveste trinna kan elevane få utdelt ferdige tøyposar, og kanskje òg ferdige trykkstempel. Medan jo lengre opp i trinna ein går kan ein dele opp arbeidet i fleire deloppgåver, som for eksempel å sy posen, teikne eigne trykk, lage stem

Krympeboks - pennekopp

Oppgåva var spikking med dekor, og eg hadde sidan byrjinga av dette studiet sett fram til lage meg ein egen turkopp i tre. Men da dette emnet kom midt i korona-tida, med heimekontor og gjesterommet som treverkstad, og samtidig tett opp under innspurten til bachelorinnlevering, fann eg det mest fornuftig å gjere det enklare for meg sjølv. Etter tips frå lærar, valte eg å lage ein krympeboks. Da dei som bur i Finnmark har rett til å ta ut trevirke til husflid på Finnmarkseiendommen sin grunn, starta eg prosessen med ein skitur. Og da nærområdet hovudsakleg består av bjørk, som jo er eit hardt og sterkt treslag - og dermed godt eigna for oppgåva, hogg eg ei passeleg stor bjørk, med tjukk nok stamme til ein pennekopp, men også lita nok til at eg ikkje gjorde eit stort inngrep i den allerede så tynne bjørkeskogen. Da eg kom heim saga eg ein kubbe i ønska lengde (høgde på pennekoppen), omtrent 12 cm, bora eit hòl tvers gjennom, bredt nok til kniven, og byrja deretter og spikke.