Gå til hovedinnhold

Mal meg bort

I forrige veke var vi samla i Alta igjen. Overordna tema for samlinga var maling og animasjon (kjem som eiget innlegg). Vi hadde fargelære og gjorde fargeøvingar, vi lærte om ulike malemedie og fekk ein rask gjennomgang av kunsthistoriske periodar.

ITTEN SIN FARGESIRKEL
Ei øving innan fargelære var å blande fargane (sekundær- og tertiærfargane) i Itten sin fargesirkel ut av primærfargene (raud, gul og blå). Vi brukte temperamaling, men hadde ikkje heilt reine fargar. Derfor ser den oransje meir raud ut enn den raude, og den raude ser meir rosa ut enn raud. Likevel var det ei god øving i fargeblanding, og ei god førebuing på neste øving - mal meg bort.




MAL MEG BORT
 Læraren vår hadde klipt ut mange småbitar av eit større bilde. Vi fikk utdelt ein slik bit/utsnitt kvar. Vi skulle lime den biten på eit maleark, og målet var å blande fargar og male rundt lappen for å skape eit heilskapeleg maleri. Vi skulle rett og slett male bort lappen, uten å male over han. Dette var ei god øving i malingsblanding, og noko som enkelt kan la seg gjere også av elevar på mellomtrinnet.





Alle hadde fått kvar sin lapp frå det same bildet. Likevel vart maleria våre ganske ulik. Det er vanskeleg å sjå kor lappane er limt på.


AKRYLMALING PÅ LERRET
 Til den siste maleøvinga fekk vi utdelt kvart vårt lerret. Vi skulle male abstrakt med akrylfargar, og med, det eg vil kalle, utradisjonelle malereiskapar. Penslar vart dermed ikkje brukt. Eg brukte heller både kort, skrape, tannpirkarar, bomullspinnar, svamprulle og krølla papir. For meg var dette ein ny måte å male på, og også mykje artigare enn med pensel.


Eg blanda saman farger ut frå ein treklang i Itten sin fargesirkel.






Maleriet skal ikkje forestille noko som helst. Likevel er det mogleg for det oppmerksomme auget å sjå eit ansikt i det lyse feltet oppe til venstre.

Å male med andre reiskap enn pensel kan vere morosamt for elevar i skolen. Sjølv kan eg ikkje hugse å ha mala med anna enn pensel tidlegare.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Trykk på stoffnett

Den andre øvinga på studiet var trykk, og vi fikk da utdelt kvart vårt stoffnett til å sette våre eigne trykk på. Vi skulle lage trykk inspirert av samisk mytologi, og eg valte å trykke samiske symbol for ulv, bjørn, fisk og rein. Etter å ha teikna symbola på papir skrapa eg dei over på mosegummi, for å deretter klippe dei ut. På bitar av plexiglass limte eg på korker på eine sida, og symbola på den andre. Dette vart brukt som stempler. Eg trykte deretter stempla i farge og fordelte dei forskjellege symbola utover stoffnettet. Eg valte å teikne rundt kantane på symbola med svart stofftusj for at det skulle bli meir framståande. I undervisningssamanheng kan dette arbeidet bli gjort på dei fleste trinn. På dei laveste trinna kan elevane få utdelt ferdige tøyposar, og kanskje òg ferdige trykkstempel. Medan jo lengre opp i trinna ein går kan ein dele opp arbeidet i fleire deloppgåver, som for eksempel å sy posen, teikne eigne trykk, lage stem

Keramikk - å fortelje med leire

På studiesamling i Alta i januar fekk vi prøve ut forskjellig med leire. Eg laga ei plate, forma som eit todimensjonalt hus, som kunne blitt eit dørskilt, og brukte kjevle og kniv. Eg laga ein kopp med pølseteknikk, kor ei først rulla lange pølser som eg etterpå la i ein kveil, før eg brukte vatn, kniv og fingrene til å dra leira saman mellom "pølsene" i kveila. Eg brukte ei ferdig form og prøvde å lage skål, men den vart deformert da eg skulle løysne den, og eg endra like greit forma heilt, og forma den til eit hjarte. Eg prøvde også teknikken med dreiebenk, for å lage ei skål eller ein kopp, men eg lukkast ikkje med det. Enten brukte eg for mykje vatn, slik at emnet sklei av, eller så brukte eg for lite vatn og friksjonan vart så stor at emnet var øydelagt. Etter eit døgn tørking, medan leira enda var noko fuktig, farga vi utprøvingane med begitning - flytande leire med tilsett farge. Arbeidskrav - Å fortelje med leire Arbeidskravet innan kjeramikk var

Krympeboks - pennekopp

Oppgåva var spikking med dekor, og eg hadde sidan byrjinga av dette studiet sett fram til lage meg ein egen turkopp i tre. Men da dette emnet kom midt i korona-tida, med heimekontor og gjesterommet som treverkstad, og samtidig tett opp under innspurten til bachelorinnlevering, fann eg det mest fornuftig å gjere det enklare for meg sjølv. Etter tips frå lærar, valte eg å lage ein krympeboks. Da dei som bur i Finnmark har rett til å ta ut trevirke til husflid på Finnmarkseiendommen sin grunn, starta eg prosessen med ein skitur. Og da nærområdet hovudsakleg består av bjørk, som jo er eit hardt og sterkt treslag - og dermed godt eigna for oppgåva, hogg eg ei passeleg stor bjørk, med tjukk nok stamme til ein pennekopp, men også lita nok til at eg ikkje gjorde eit stort inngrep i den allerede så tynne bjørkeskogen. Da eg kom heim saga eg ein kubbe i ønska lengde (høgde på pennekoppen), omtrent 12 cm, bora eit hòl tvers gjennom, bredt nok til kniven, og byrja deretter og spikke.