Gå til hovedinnhold

Animasjonsfilm

Det siste vi gjorde medan vi var samla i Alta, var å lage animasjonsfilm. Dette brukte vi omtrent ein arbeidsdag på. Vi henta vår inspirasjon til vår animasjonsfilm frå nokre videoar om fargeblinde menneske som fekk sjå fargar for første gang gjennom fargebriller (sjå video her).

Vi brukte ganske lang tid på å lage figurane og bakgrunnen til filmen vår. Vi lagde mellom anna fire lause munnar, samt lause auge med lause pupillar og augebryn, til kvar av karakterane våre. Dette for at vi skulle kunne skape forskjellege ansiktsuttrykk, og få snakkinga til å sjå mest mogleg realistisk ut. Med så mange, veldig små delar, var dette såpass mykje pinsettarbeid mellom kvart bilde at vi raskt fann ut at vi måtte gi opp nokre av delane for å bli ferdig på den korte tida vi hadde til disposisjon. Filmen vår, som er på under eit halvanna minutt, er samansett av totalt over 400 bilder!


Vi måtte også vere kreative for å finne eit stabilt stativ til kameraet (iPad), på ein plass med minst mogleg forstyrrande skyggar og med best mogleg lys.


Dette er eit tidkrevande arbeid å gjennomføre i grunnskolen. Men det er fullt mogleg dersom ein gjer det til eit tverrfagleg prosjekt. Det kan for eksempel vere ein god måte å lære om romertida, 2. verdskrig eller andre tema i historiedelen av samfunnsfag.

SJÅ ANIMASJONSFILMEN VÅR HER
(På grunn av låg lyd i filmen, tilråder eg deg å skru opp din lyd.)


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Trykk på stoffnett

Den andre øvinga på studiet var trykk, og vi fikk da utdelt kvart vårt stoffnett til å sette våre eigne trykk på. Vi skulle lage trykk inspirert av samisk mytologi, og eg valte å trykke samiske symbol for ulv, bjørn, fisk og rein. Etter å ha teikna symbola på papir skrapa eg dei over på mosegummi, for å deretter klippe dei ut. På bitar av plexiglass limte eg på korker på eine sida, og symbola på den andre. Dette vart brukt som stempler. Eg trykte deretter stempla i farge og fordelte dei forskjellege symbola utover stoffnettet. Eg valte å teikne rundt kantane på symbola med svart stofftusj for at det skulle bli meir framståande. I undervisningssamanheng kan dette arbeidet bli gjort på dei fleste trinn. På dei laveste trinna kan elevane få utdelt ferdige tøyposar, og kanskje òg ferdige trykkstempel. Medan jo lengre opp i trinna ein går kan ein dele opp arbeidet i fleire deloppgåver, som for eksempel å sy posen, teikne eigne trykk, lage stem

Keramikk - å fortelje med leire

På studiesamling i Alta i januar fekk vi prøve ut forskjellig med leire. Eg laga ei plate, forma som eit todimensjonalt hus, som kunne blitt eit dørskilt, og brukte kjevle og kniv. Eg laga ein kopp med pølseteknikk, kor ei først rulla lange pølser som eg etterpå la i ein kveil, før eg brukte vatn, kniv og fingrene til å dra leira saman mellom "pølsene" i kveila. Eg brukte ei ferdig form og prøvde å lage skål, men den vart deformert da eg skulle løysne den, og eg endra like greit forma heilt, og forma den til eit hjarte. Eg prøvde også teknikken med dreiebenk, for å lage ei skål eller ein kopp, men eg lukkast ikkje med det. Enten brukte eg for mykje vatn, slik at emnet sklei av, eller så brukte eg for lite vatn og friksjonan vart så stor at emnet var øydelagt. Etter eit døgn tørking, medan leira enda var noko fuktig, farga vi utprøvingane med begitning - flytande leire med tilsett farge. Arbeidskrav - Å fortelje med leire Arbeidskravet innan kjeramikk var

Krympeboks - pennekopp

Oppgåva var spikking med dekor, og eg hadde sidan byrjinga av dette studiet sett fram til lage meg ein egen turkopp i tre. Men da dette emnet kom midt i korona-tida, med heimekontor og gjesterommet som treverkstad, og samtidig tett opp under innspurten til bachelorinnlevering, fann eg det mest fornuftig å gjere det enklare for meg sjølv. Etter tips frå lærar, valte eg å lage ein krympeboks. Da dei som bur i Finnmark har rett til å ta ut trevirke til husflid på Finnmarkseiendommen sin grunn, starta eg prosessen med ein skitur. Og da nærområdet hovudsakleg består av bjørk, som jo er eit hardt og sterkt treslag - og dermed godt eigna for oppgåva, hogg eg ei passeleg stor bjørk, med tjukk nok stamme til ein pennekopp, men også lita nok til at eg ikkje gjorde eit stort inngrep i den allerede så tynne bjørkeskogen. Da eg kom heim saga eg ein kubbe i ønska lengde (høgde på pennekoppen), omtrent 12 cm, bora eit hòl tvers gjennom, bredt nok til kniven, og byrja deretter og spikke.