Gå til hovedinnhold

Å lære å teikne


 På siste del av første studiesamling i Alta skulle vi lære å teikne på nytt. Vi skulle kaste dei gamle metodane vi lærte oss da vi var små, og slutte å tenke så mykje på kva vi eigentleg skal teikne.

Vi prøvde oss mellom anna på opp-ned-teikning. Med denne metoden er det ikkje like enkelt å sjå kva det er vi skal teikne. Her må ein heller sjå etter linjer, og kor lang og i kva for retning linjene går. Denne vart eg dessverre ikkje ferdig med, men det vil kome fleire teikningar i seinare innlegg kor eg har brukt metoden.


Vi teikna også hendene våre. Her brukte vi konturteikning, der vi berre såg på handa, og ikkje på teikninga i det heile (derav resultatet).



På tredje forsøk fikk vi lov til å sjå på teikninga omtrent 10% av tida, og da vart det vesentleg betre.


Til slutt lærte vi litt om skuggar, og dei vart sett opp eit eple under ei lampe som vi skulle teikne. Om eg hadde blitt bedd om å teikne det same før denne samlinga, ville eg aldri fått same resultat. (Bildet av eple vart noko mørkare enn det var i utgangspunktet).



No har vi blitt anbefalt å teikne ein halvtime kvar dag, og vi må minimum ha 15 teikningar innan neste samling i Alta. Om læringskurva blir like bratt vidare, som den har vore i løpet første samling i Alta, vil eg nok vere ein anerkjend kunstnar innan eg er ferdig med studiet.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Trykk på stoffnett

Den andre øvinga på studiet var trykk, og vi fikk da utdelt kvart vårt stoffnett til å sette våre eigne trykk på. Vi skulle lage trykk inspirert av samisk mytologi, og eg valte å trykke samiske symbol for ulv, bjørn, fisk og rein. Etter å ha teikna symbola på papir skrapa eg dei over på mosegummi, for å deretter klippe dei ut. På bitar av plexiglass limte eg på korker på eine sida, og symbola på den andre. Dette vart brukt som stempler. Eg trykte deretter stempla i farge og fordelte dei forskjellege symbola utover stoffnettet. Eg valte å teikne rundt kantane på symbola med svart stofftusj for at det skulle bli meir framståande. I undervisningssamanheng kan dette arbeidet bli gjort på dei fleste trinn. På dei laveste trinna kan elevane få utdelt ferdige tøyposar, og kanskje òg ferdige trykkstempel. Medan jo lengre opp i trinna ein går kan ein dele opp arbeidet i fleire deloppgåver, som for eksempel å sy posen, teikne eigne trykk, lage stem

Keramikk - å fortelje med leire

På studiesamling i Alta i januar fekk vi prøve ut forskjellig med leire. Eg laga ei plate, forma som eit todimensjonalt hus, som kunne blitt eit dørskilt, og brukte kjevle og kniv. Eg laga ein kopp med pølseteknikk, kor ei først rulla lange pølser som eg etterpå la i ein kveil, før eg brukte vatn, kniv og fingrene til å dra leira saman mellom "pølsene" i kveila. Eg brukte ei ferdig form og prøvde å lage skål, men den vart deformert da eg skulle løysne den, og eg endra like greit forma heilt, og forma den til eit hjarte. Eg prøvde også teknikken med dreiebenk, for å lage ei skål eller ein kopp, men eg lukkast ikkje med det. Enten brukte eg for mykje vatn, slik at emnet sklei av, eller så brukte eg for lite vatn og friksjonan vart så stor at emnet var øydelagt. Etter eit døgn tørking, medan leira enda var noko fuktig, farga vi utprøvingane med begitning - flytande leire med tilsett farge. Arbeidskrav - Å fortelje med leire Arbeidskravet innan kjeramikk var

Krympeboks - pennekopp

Oppgåva var spikking med dekor, og eg hadde sidan byrjinga av dette studiet sett fram til lage meg ein egen turkopp i tre. Men da dette emnet kom midt i korona-tida, med heimekontor og gjesterommet som treverkstad, og samtidig tett opp under innspurten til bachelorinnlevering, fann eg det mest fornuftig å gjere det enklare for meg sjølv. Etter tips frå lærar, valte eg å lage ein krympeboks. Da dei som bur i Finnmark har rett til å ta ut trevirke til husflid på Finnmarkseiendommen sin grunn, starta eg prosessen med ein skitur. Og da nærområdet hovudsakleg består av bjørk, som jo er eit hardt og sterkt treslag - og dermed godt eigna for oppgåva, hogg eg ei passeleg stor bjørk, med tjukk nok stamme til ein pennekopp, men også lita nok til at eg ikkje gjorde eit stort inngrep i den allerede så tynne bjørkeskogen. Da eg kom heim saga eg ein kubbe i ønska lengde (høgde på pennekoppen), omtrent 12 cm, bora eit hòl tvers gjennom, bredt nok til kniven, og byrja deretter og spikke.