Gå til hovedinnhold

Redesigna pennal


I den tredje øvinga i emnet skulle vi redesigne nokre gamle klær. Eg valte å lage eit pennal til bruk vidare i studiet.


Som ytterstoff brukte eg ei gamal dongeribukse.


Eg starta med å teikne og klippe ut malar på papir, for så å klippe ut både ytterstoff og innerstoff til pennalet.


Innerstoffet vart klipt ut av ein topp med jungelmønster.


Som ein applikasjon på pennalet klipte eg til initialane i fornamnet mitt av dei opphavlege saumane på dongeribuksa.


Desse vart sydd på eit stykke dongeri med sikksakksting i same farge som den opphavlege tråden i saumane.


Deretter var det tid for å feste glidelås til dongeristykket og innerstoffet.



Når glidelåsen var festa sydde eg saman innerstoff og ytterstoff langs dei resterande kantane, med pennalet på vranga.



Etter å ha klipt bort trådane og overflødig stoff vrengde eg pennalet til riktig side, og produktet var ferdig.


Denne øvinga kan òg bli gjort på fleire trinn, med forskjellig vanskegrad. I mitt pennal har eg både innerstoff og ytterstoff, men med eit noko tjukkare stoff vil det holde med eit lag stoff. Det vil òg vere lurt å bestemme seg for ein type pennal som elevane får lage, og i dei lavare trinna vil det kanskje vere lurt å klippe til stoffbitane på førehand. Det er òg mogleg å lage enklare lukkemekanismer enn glidelås, og det kan òg vere lurt å gjere arbeidet på symaskinene i små elevgrupper om ein ikkje er fleire lærarar til stades.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Trykk på stoffnett

Den andre øvinga på studiet var trykk, og vi fikk da utdelt kvart vårt stoffnett til å sette våre eigne trykk på. Vi skulle lage trykk inspirert av samisk mytologi, og eg valte å trykke samiske symbol for ulv, bjørn, fisk og rein. Etter å ha teikna symbola på papir skrapa eg dei over på mosegummi, for å deretter klippe dei ut. På bitar av plexiglass limte eg på korker på eine sida, og symbola på den andre. Dette vart brukt som stempler. Eg trykte deretter stempla i farge og fordelte dei forskjellege symbola utover stoffnettet. Eg valte å teikne rundt kantane på symbola med svart stofftusj for at det skulle bli meir framståande. I undervisningssamanheng kan dette arbeidet bli gjort på dei fleste trinn. På dei laveste trinna kan elevane få utdelt ferdige tøyposar, og kanskje òg ferdige trykkstempel. Medan jo lengre opp i trinna ein går kan ein dele opp arbeidet i fleire deloppgåver, som for eksempel å sy posen, teikne eigne trykk, lage stem

Keramikk - å fortelje med leire

På studiesamling i Alta i januar fekk vi prøve ut forskjellig med leire. Eg laga ei plate, forma som eit todimensjonalt hus, som kunne blitt eit dørskilt, og brukte kjevle og kniv. Eg laga ein kopp med pølseteknikk, kor ei først rulla lange pølser som eg etterpå la i ein kveil, før eg brukte vatn, kniv og fingrene til å dra leira saman mellom "pølsene" i kveila. Eg brukte ei ferdig form og prøvde å lage skål, men den vart deformert da eg skulle løysne den, og eg endra like greit forma heilt, og forma den til eit hjarte. Eg prøvde også teknikken med dreiebenk, for å lage ei skål eller ein kopp, men eg lukkast ikkje med det. Enten brukte eg for mykje vatn, slik at emnet sklei av, eller så brukte eg for lite vatn og friksjonan vart så stor at emnet var øydelagt. Etter eit døgn tørking, medan leira enda var noko fuktig, farga vi utprøvingane med begitning - flytande leire med tilsett farge. Arbeidskrav - Å fortelje med leire Arbeidskravet innan kjeramikk var

Krympeboks - pennekopp

Oppgåva var spikking med dekor, og eg hadde sidan byrjinga av dette studiet sett fram til lage meg ein egen turkopp i tre. Men da dette emnet kom midt i korona-tida, med heimekontor og gjesterommet som treverkstad, og samtidig tett opp under innspurten til bachelorinnlevering, fann eg det mest fornuftig å gjere det enklare for meg sjølv. Etter tips frå lærar, valte eg å lage ein krympeboks. Da dei som bur i Finnmark har rett til å ta ut trevirke til husflid på Finnmarkseiendommen sin grunn, starta eg prosessen med ein skitur. Og da nærområdet hovudsakleg består av bjørk, som jo er eit hardt og sterkt treslag - og dermed godt eigna for oppgåva, hogg eg ei passeleg stor bjørk, med tjukk nok stamme til ein pennekopp, men også lita nok til at eg ikkje gjorde eit stort inngrep i den allerede så tynne bjørkeskogen. Da eg kom heim saga eg ein kubbe i ønska lengde (høgde på pennekoppen), omtrent 12 cm, bora eit hòl tvers gjennom, bredt nok til kniven, og byrja deretter og spikke.