Gå til hovedinnhold

Innlegg

Keramikk - å fortelje med leire

På studiesamling i Alta i januar fekk vi prøve ut forskjellig med leire. Eg laga ei plate, forma som eit todimensjonalt hus, som kunne blitt eit dørskilt, og brukte kjevle og kniv. Eg laga ein kopp med pølseteknikk, kor ei først rulla lange pølser som eg etterpå la i ein kveil, før eg brukte vatn, kniv og fingrene til å dra leira saman mellom "pølsene" i kveila. Eg brukte ei ferdig form og prøvde å lage skål, men den vart deformert da eg skulle løysne den, og eg endra like greit forma heilt, og forma den til eit hjarte. Eg prøvde også teknikken med dreiebenk, for å lage ei skål eller ein kopp, men eg lukkast ikkje med det. Enten brukte eg for mykje vatn, slik at emnet sklei av, eller så brukte eg for lite vatn og friksjonan vart så stor at emnet var øydelagt. Etter eit døgn tørking, medan leira enda var noko fuktig, farga vi utprøvingane med begitning - flytande leire med tilsett farge. Arbeidskrav - Å fortelje med leire Arbeidskravet innan kjeramikk var
Nylige innlegg

Krympeboks - pennekopp

Oppgåva var spikking med dekor, og eg hadde sidan byrjinga av dette studiet sett fram til lage meg ein egen turkopp i tre. Men da dette emnet kom midt i korona-tida, med heimekontor og gjesterommet som treverkstad, og samtidig tett opp under innspurten til bachelorinnlevering, fann eg det mest fornuftig å gjere det enklare for meg sjølv. Etter tips frå lærar, valte eg å lage ein krympeboks. Da dei som bur i Finnmark har rett til å ta ut trevirke til husflid på Finnmarkseiendommen sin grunn, starta eg prosessen med ein skitur. Og da nærområdet hovudsakleg består av bjørk, som jo er eit hardt og sterkt treslag - og dermed godt eigna for oppgåva, hogg eg ei passeleg stor bjørk, med tjukk nok stamme til ein pennekopp, men også lita nok til at eg ikkje gjorde eit stort inngrep i den allerede så tynne bjørkeskogen. Da eg kom heim saga eg ein kubbe i ønska lengde (høgde på pennekoppen), omtrent 12 cm, bora eit hòl tvers gjennom, bredt nok til kniven, og byrja deretter og spikke.

Refleksjonar rundt spikking i skolen

Skaparglede og vidareutvikling av kulturarv, er mellom andre to sentrale verdiar i kunst og handverksfaget, jf. kommande læreplan i kunst og handverk. Og gjennom spikking som emne kan mellom anna desse verdiane kunne kome til uttrykk og ha betydning for den enkelte elev si personlege utvikling. Elevane får ta del i prosessar som vil kunne utvikle deira estetiske sans og kjensle for handverket, som igjen vil kunne utvikle den enkelte elev sine motoriske ferdigheiter og kreativitet. Når ein skal ha spikking som emne, bør ein ta nokre sikkerheitsomsyn. Først og fremst tenker eg at ein må ha førstehjelpsutstyr tilgjengeleg, og vite korleis ein bruker det. Men for å førebygge eventuelle skader, og for å unngå å måtte bruke førstehjelpsutstyret, vil god opplæring i bruk av kniv som verktøy vere føremålstenleg. Ein bør introdusere forskjellege spikkegrep til forskjellege føremål, og kanskje utarbeide eit sett spikkevettreglar i samarbeid med elevane. Det er mange forskjellege oppgåver

Smykkedesign - RESULTAT

Eg har i eit tidlegare innlegg omtalt dette prosjektet, og publisert ei scrapbok med utprøvingar av forskjellig materiale, samt skisse for resultatet, som verte publisert i det her innlegget. Hovudsmykket (resultatet) i prosjektet skulle vere eit smykke i skinn/lær og/eller metall, samt ei skildring i form av bilde med tekst eller video. Som vurderingsgrunnlag fekk vi oppgitt at kreativitet og gjennomføringsevne var viktig, samt teknisk utføring. I tillegg vil den funksjonelle delen spille ei stor rolle, da designet skulle kunne verte brukt - ikkje nødvendigvis til kvardags, men kanskje til spesielle ritual. I scrapboka med utprøvingane kan du lese om vegen fram til val av hovudsmykke, og vidare i dette innlegget kan du lese ei skildring  med både bilde, tekst og video for korleis du sjølv kan lage eit tilsvarande smykke. Om bilda med forklaring var noko vanskeleg å forstå, har eg her laga ein video som viser dei sa