Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra september, 2019

Kollasj

På første nettsamling skulle vi lage kollasj av vekeblader. Eg hadde berre nokre Villmarksliv-blad tilgjengeleg, og lagde ut av det ein kollasj eg har kalla Unaturleg . Du klarar sikkert sjølv å sjå kva som ikkje passar inn. Unaturleg. Dette her er arbeid ein enkelt kan gjennomføre på alle trinn, uavhengig av forkunnskapar.

Å lære å teikne

 På siste del av første studiesamling i Alta skulle vi lære å teikne på nytt. Vi skulle kaste dei gamle metodane vi lærte oss da vi var små, og slutte å tenke så mykje på kva vi eigentleg skal teikne. Vi prøvde oss mellom anna på opp-ned-teikning. Med denne metoden er det ikkje like enkelt å sjå kva det er vi skal teikne. Her må ein heller sjå etter linjer, og kor lang og i kva for retning linjene går. Denne vart eg dessverre ikkje ferdig med, men det vil kome fleire teikningar i seinare innlegg kor eg har brukt metoden. Vi teikna også hendene våre. Her brukte vi konturteikning, der vi berre såg på handa, og ikkje på teikninga i det heile (derav resultatet). På tredje forsøk fikk vi lov til å sjå på teikninga omtrent 10% av tida, og da vart det vesentleg betre. Til slutt lærte vi litt om skuggar, og dei vart sett opp eit eple under ei lampe som vi skulle teikne. Om eg hadde blitt bedd om å teikne det same før denne samlinga, ville eg aldri fått same result

John Savio

I heimeoppgåve etter første samling skulle vi bestemme oss for eit materiale, ein teknikk, ein gjenstand eller ein samisk kunstnar som kan bli knytt til samisk kultur. Foto: Saviomuseet Fordi eg ønsker å lære meir om staden eg bur på, og om folka herifrå, valte eg å lage ein  presentasjon om John Savio  - ein kunstnar eg gjerne ønsker å lære enda meir om.